Innvik AS mottok tredjepremie i Drivprisen 2020

Driverprisen.jpg

Tredjeplass: Innvik AS mottok tredjepremie i utdelinga av Drivprisen. Dagleg leiar Bjørn Aage Haugen og hovudtillitsvalt Arne Heggestad var glade for tildelinga. FOTO: DRIVPRISEN

Drivprisen er ein årleg innovasjonspris i Vestland som har som mål å løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det «grøne skiftet». Prisen vart delt ut for andre gong, og det er Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge Vestland som står bak prisen.

Berekraftig tekstilprodusent

Innvik AS har satsa på produktinnovasjon og prosessinnovasjon, samt eit sterkt fokus på produksjonsteknologi og prosessar som skal redusere CO2 utslepp. Dei har investert i nytt utstyr, etablert anlegg for berekraftig energiproduksjon og planlegg ei investering på 50 mill. Målsetninga er å ta ein leiande posisjon som berekraftig tekstilprodusent.

– Juryen ønskjer å gi honnør til Innvik som har kome langt i sitt arbeid med å gjere produksjonen sin klimanøytral. Dei har store ambisjonar om å bli klimanøytrale allereie innan 2022. Sjølv om dei har tatt eksisterande teknologi i bruk, er dei eit godt førebilete for andre selskap og dei skal vere stolte av å vere langt framme i ein bransje som har blant dei høgste klimautsleppa i verda, seier regiondirektør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge Vestland.

Skryt til medarbeidarane

– Det er svært gledeleg å motta denne utmerkinga og eg er stolt av dyktige og engasjerte medarbeidarar som skapar desse resultata. Det er desse medarbeidarane sin sterke kompetanse på tekstil, samarbeidet med Kvadrat sin globale salsorganisasjon og denne viktige satsinga på berekraft som legg eit solid grunnlag for fortsett vekst og utvikling, seier Bjørn Aage Haugen, dagleg leiar i Innvik AS.

Normalt skulle prisen vore delt ut på arrangementet Kraft i Vest i september i fjor, men grunna situasjonen med Covid-19 vart det i staden ei digital overrekking til vinnaren, medan mottakarane av andre- og tredjepremien fekk den «på døra».

Tiotech er tildelt 200.000 kroner, Fjord Maritime 50.000 kr og Innvik AS får 30.000 kroner.

(Tekst Fjordingen)
Mer om Drivprisen:
www.drivprisen.no